Eg er tilsett

Mobbing av barn i barnehagen er handlingar frå vaksne og/ eller andre barn som krenker barnet si oppleving av å høyra til og vera viktige i fellesskapen.

Det kan vere mange grunnar til at barn ikkje trivst i barnehagen. Mobbing og krenkingar kan vera ein av dei. Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til eller er viktig for fellesskapen.

Det kan vere at barnet blir halde utanfor leiken og samtalen, eller aldri får leie i hand eller sitje ved sida av nokon. Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn, og er ikkje nødvendigvis mobbing.

Kva er mitt ansvar om eg observerer at barn opplever krenkingar eller mobbing i barnehagen?

Dersom du får kunnskap eller mistanke om at eit barn i barnehagen blir utsatt for krenkingar/ mobbing skal du snarast undersøkje saka og varsle styrar, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.

Under ”førebygging” finn du informasjon og ressursar knytt til det viktige og kontinuerlege arbeidet med å skapa ein trygg, god og inkluderande barnehagekultur.

Under ”handtering” finn du informasjon og ressursar knytt til korleis saker om krenkingar og mobbing skal behandlast og løysast.

Under "informasjon og ressursar" finn du lenker som kan vera til nytte og hjelp i arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø.

Sist endra 15.11.2016
Fann du det du leita etter?