Førebygging av mobbing

Førebygging handlar om system og oppfølging som sikrar og utviklar ein barnehagekultur som er fri for krenkingar og mobbing. Medverking frå alle aktørane knytt til barnehagen er avgjerande for å lukkast med dette: Foreldra/ barna, tilsette, leiinga og barnehageeigar.

Alle barnehagar skal ha ein eigen plan som skal sikra eit trygt og godt barnehagemiljø. Planen skal vera ein del av barnehagen sin årsplan. Foreldra skal vera involverte i arbeidet, og planen skal godkjennast i samarbeidsutvalet eller driftsstyret.

I planen skal barnehagen:

  • definere «eit trygt og godt barnehagemiljø»
  • syna korleis ein vil arbeida systematisk for å skape eit trygt og godt barnehagemiljø
  • syne kompetansebehov og korleis desse skal dekkjast

Planen skal jamleg evaluerast, og justerast ved behov.

Eigne ressursar
Årshjul trygt og godt barnehagemiljø (PDF, 164 kB)  
Sist endra 13.12.2016
Fann du det du leita etter?