Eg er forelder

Mobbing av barn i barnehagen er handlingar frå vaksne og/ eller andre barn som krenker barnet si oppleving av å høyra til og vera viktig i fellesskapen.

Det kan vere mange grunnar til at barnet ditt ikkje trivst i barnehagen. Mobbing og krenkingar kan vera ein av dei. Mobbing i barnehagen kan skje på mange måtar. Det kan vere handlingar frå vaksne eller andre barn som gjer at barnet ikkje føler at det høyrer til eller er viktig for fellesskapen.

Det kan vere at barnet blir halde utanfor leiken og samtalen, eller aldri får leie i hand eller sitje ved sida av nokon. Små barn kan dytte, bite og slå. Dette er ein del av utviklinga til barn, og er ikkje nødvendigvis mobbing. Men dersom barnet ditt gong på gong blir plaga eller erta, skal du ta opp dette med barnehagen.

Ta kontakt med barnehagen

Det er viktig at du melder frå til barnehagen dersom du oppdagar at ditt eller andre sine barn blir mobba eller av andre grunnar ikkje har det bra i barnehagen. Ta kontakt med pedagogisk leiar eller styrar og fortel om bekymringa di.

Under ”førebygging” finn du informasjon og ressursar knytt til det viktige og kontinuerlege arbeidet med å skapa ein trygg, god og inkluderande barnehagekultur.

Under ”handtering” finn du informasjon og ressursar knytt til korleis saker om krenkingar og mobbing skal behandlast og løysast.

Under "informasjon og ressursar" finn du lenker som kan vera til nytte og hjelp i arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø.

Sist endra 15.11.2016
Fann du det du leita etter?